Nordfjord folkehøgskule

Nordfjord folkehøgskule

Besøksadresse:
Nordfjord Folkehøgskule, Vereide, 6823 Sandane
Postadresse:
Nordfjord Folkehøgskule, Vereide, 6823 Sandane
Telefon:
+47 57 86 80 40
E-post:
Nettside:
Skriv ut
Nordfjord folkehøgskule

På Vereide i Nordfjord finn du friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord, Nordfjord folkehøgskule. Skulen ligg i storslått Vestlandsnatur, og forholda ligg godt til rette for eit allsidig friluftsliv.

På skulen er det plass til ca 135 elevar. Skulen er stor og har mange rom: Smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, keramikkrom, syrom, mørkerom, og ikkje minst ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, bålhus, stor gapahuk og gamme, og naust med eigne båtar rett nedanfor skulen.

Nordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule. Vi har spesialisert oss gjennom mange år, og skaffa oss solid kompetanse. I 2008 vart skulen teken opp som medlem i Norsk Fjellsportforum. Av alle skulane i landet er det berre Høgskulen i Telemark og Høgskulen i Sogn og Fjordane som kan vise til same godkjenning. Lærarane har relevant utdanning og lang erfaring med friluftsliv, og i løpet av året kjem du til å lære svært mykje om å vere ute og bruke naturen. Du treng ikkje ha mykje friluftsliverfaring for å søkje på Nordfjord folkehøgskule. Men du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar. I løpet av året blir det minst 40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller under open himmel.