På ein open plass med utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna...

Hardanger Folkehøgskule

Besøksadresse:
Hordatun
Postadresse:
5781 Lofthus
Telefon:
53 67 14 00
Fax:
53 67 14 01
E-post:
Nettside:
Skriv ut
Hardanger Folkehøgskule

Hardanger Folkehøgskule ligg fint til, på ein open plass med utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna. Skulen vart starta i 1912 og vart flytta dit den ligg no i 1917.

Hovedhuset er frå 1937 og rommar administrasjon, klasserom, kjøkken, matsal og internat. I eit tilbygg er det gymnastikksal, sløydsal, bibliotek, garderobe og felles opphaldsrom. På tunet er det og to andre internat, rektorbustad, ei gamal årestove frå mellomalderen, ein stall med luftegård og ridebane for hestar. I hagen finn du plass til aktivitetar som grilling, solbading, volleyball, badminton, frisbee eller crocket. Eller kanskje du vil avslutta kvelden i badestampen nede i hagen.

På skulen er det eit personale av folk som har lang og kortare fartstid i folkehøgskulen. Dyktige lærarar som er veldig interessert i og opptatt av faget sitt, kokkar med erfaring både frå hotell og restaurantdrift, internatleiar, reinhaldar og vaktmeister som vil gjere sitt beste for at du skal få eit godt opphald på skulen og ein administrasjon med kontorfullmektig, rektor og ass.rektor som jobbar intenst for å tilrettelegga alt på beste måte.

Du vil oppleva at Hardanger Folkehøgskule er ein open og inkluderande skule som set deg som elev i sentrum. Vi har ein dyktig stab med lang erfaring i å skapa trivsel og gode rammer for godt folkehøgskuleliv. Vi har eit breitt linjetilbod og elevar frå heile landet og frå utlandet. Dette er med og sikrar eit mangfaldig og spennande miljø på skulen.