Dyrsku’n – Noregs største landbruksutstilling

Dyrsku’n – Noregs største landbruksutstilling

Postadresse:
Dyrsku’n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Telefon:
+47 35 06 57 70
Fax:
+47 35 06 57 84
E-post:
Nettside:
Skriv ut
Dyrsku’n – Noregs største landbruksutstilling

Av og til held salsbodane nesten på å blåse bort. Men det er det same. Om det regner og bles, eller om sola varmar frå klar, blå himmel: Dyrsku i Seljord blir det kvart år. Noregs største landbruksutstilling lokkar titusenvis av folk. Gode tilbod, nye produktlanseringar, husflid og handverk, folkekultur og folkeliv, gjer at folk strøymer til.

Dyrsku’n er den store, årlege møteplassen for folk og fe. Her møtest alle, familie og venner, bønder og entreprenørar, hesteoppdrettarar og handverkarar, handelsmenn og produsentar. I snart 150 år har det kome kremmarar frå inn- og utland til den vesle bygda Seljord.

Det starta i 1866, der Telemarkskua var sentral. Den fine, vesle fjellkua blei vist fram, premiert, og kanskje seld vidare, under den årlege kvegutstillinga på Dyrskuplassen. Snart kom andre handelsmenn til. Dyrsku’n blei ein møteplass og ein folkefest.

Dyrsku’n har vakse seg stor, men Telemarkskua treff du framleis inne på Fjoset, den eldste delen av marknadsplassen.

Stemninga på Dyrsku’n er den same som i gamle dagar. Det er fleire jordbruksmaskiner og færre hestar, men det myssande folkelivet, sveitte bakstekjerringar og ivrige handelsfolk er likedan. Handelen går framleis føre seg utandørs. Om sola varmar, eller regnet ausar ned, så strøymer folk til Dyrskuplassen dei tre marknadsdagane. Rekorden er frå 2002 med 90.000 besøkande.