Dyrsku’n Arrangement AS

Dyrsku’n Arrangement AS

Besøksadresse:
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Postadresse:
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Telefon:
+47 350 65 770
Fax:
+47 350 65 784
E-post:
Nettside:
Skriv ut
Dyrsku’n Arrangement AS

Har du høyrt om sjøormen, Dyrsku’n, eller Noregs største arrangementsplass? Plassen er Seljord, midt i Telemark, midt mellom aust og vest, og nær Sørlandet. Her ligg den gamle marknadsplassen som årleg samlar ca. 80. 000 gjester til Dyrsku’n. Her finn du også store musikkfestivalar, hestestemne, landssamlingar og fleire marknader. Totalt er det over 170.000 besøkande på Dyrskuplassen i året.

Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode campingareal, grøntområde, smågater og gardstun.

Vi ligg midt i dalen omkransa av mektige fjell, og i gåavstand til handelssentrum og fine badestrender ved Seljordsvatnet.

Når plassen er fylt opp med yrande folkeliv, spanande aktivitetar og gode program, ja då er det mange som får gode opplevingar og minne for livet, som gjer at dei kjem tilbake år etter år.

Dyrskuplassen har omlag 15 arrangement i året, men vi har plass for fleire, ikkje minst i vinterhalvåret. Her er det plass for alle, enten det er små kurs, store festivalar eller eit familieselskap i hyggelege selskapslokale på Storstogo.

Dyrsku’n Arrangement har gjennom mange år opparbeida god arrangementskompetanse, både på planlegging og gjennomføring av arrangement. Vi tilbyr arrangementskompetanse til våre leigetakarar dersom det er ønskjeleg. Vi kan også formidle telt og arrangementsutstyr, og elles legge forholda til rette for å kunne gjennomføre gode arrangement.


Kontakt oss for informasjon og leige av plassen:
Geir Helge Espedalen
Dagleg leiar

tlf. 35 06 57 70
e-post: post@dyrskun.no